Sandane Gravferdsbyrå vert drive av Christina og Arne Jostein Gimmestad frå heimekontoret i Gloppen Kommune. Vårt arbeid ved gravferder starta i 1987 gjennom å vere filial for Fjordane Begravelsesbyrå. Sandane Gravferdsbyrå etablerte vi i 1995.
Opplæring og lang røynsle har lært oss mykje om det å møte menneske i sorg. Det er vår oppgåve å gje syrgjande råd og rettleiing. Då er det viktig at ein kjenner tillit til kvarandre.
Vi tilbyr å kome til dei pårørande i heimen. Det som synest vanskeleg og tungt, løyser vi ilag. Ein får gjensidig kjenne varmen av å gi og å få.
Som medlemmar i Begravelsesbyråenes Forum Norge er vi forplikta til retningslinjer for arbeidet vårt:
Hensyn og respekt for dei pårørande
Taushet med hensyn på personlege forhold
Verdighet i alle delar av yrkesutførelsen
Å bistå med aktuelle tenester og varer
Forskriftsmessig utstyr og godt vedlikehalden bårebil
Å gje informasjon om alternative varer og tenester
Å gje informasjon om prisar
Spesifiserte rekningar for byråets tenester
Kontrol med hensyn på standard og yrkesutførelse
|
Ditt byrå i bygda |
|||||||||
|
|