
ein del av Fjordane Begravelsesbyrå AS
Kister
Val av kiste er noko av det første ein må ta stilling til. Vi har eit stort utval av kister i ulike utformingar og fargar. Mange vel den kvite kista, fordi det er den vi er vande til å sjå. Nokre vil gjerne ha noko annleis, og då er det mange kister å velje i. Ulike fargar, tretypar, handtak og design. Også innvendig skil kistene seg. Nokre har hengsla lokk, nokre er heiltrekt i stoff på innsida, og svøpet kan vere ulikt frå kiste til kiste. I samråd med oss kan vi finne den kista som passar.
Vi har til ei kvar tid Toten 4, Furu natur T3 og Lilje 67 på lager. Andre kister får vi levert i løpet av nokon få dagar.



Toten 4
Ei tradisjonell, kvitlakkert furukiste.
Vår mest brukte modell.
Kr. 11.000,-
Furu Natur T3
Kan leverast med lakkert
eller ubehandla overflate.
Kr. 11.400,-
Lilje 67
Tradisjonell, skandinavisk kistemodell med påkosta utføring og hjørneornament.
Kr. 13.100,-



Solid Furu
Flott kiste i massiv furu.
Kr. 19.500,-
Sponkista Prisma
Enkel sponkiste
Kr. 7.600,-
Akvarell
Svart eller kvit med
metall eller trehandtak.
Kr. 16.000,-