ein del av Fjordane Begravelsesbyrå AS
Sandane
Døgnbemanna telefon: 911 29 818
Sørstrandsvegen 4
6823 Sandane
E-post: post@sandanegravferd.no
Sandane Gravferdsbyrå starta i 1987 gjennom å vere filial for Fjordane Begravelsesbyrå. Frå 1995 har Christina og Arne Jostein Gimmestad eigd og drive byrået. No er Sandane Graverdsbyrå tilbake som ein filial for Fjordane Begravelsesbyrå. Hege Alme er vår lokale representant i Gloppen med støtte frå avdelingane i Førde og Florø.
Vi som arbeider her
Vi som dagleg arbeider i gravferdsbyrået er klar over at oppgåva vår er krevjande og utfordrande. Vi skal i første rekke medverke til at gravferda vert verdig. Gravferdskonsulentane våre har lang erfaring og skulering gjennom Virke Gravferd. Dei råd og den hjelp og støtte vi kan gje, vil du vonleg setje pris på i ei vanskeleg tid. Vi kan møtast til samtalar på eit av våre kontor, eller vi kan komme heim til deg. Vi har naturlegvis teieplikt.
I tillegg til Hege, som er vår faste representant på Gloppen, vil ein og kunne møte andre tilsette i Fjordane Begravelsesbyrå. Oversikt på alle tilsette ved Fjordane Begravelsesbyrå ser du her.