top of page

To gravferdsbyrå slår seg saman

Fjordane Begravelsesbyrå har kjøpt Gloppen-lokaliserte Sandane Gravferdsbyrå. Med dette utvidar vi tilbodet vårt.

 

Arne Jostein Gimmestad jobba i fleire år i Fjordane Begravelsesbyrå før han stifta Sandane Gravferdsbyrå i 1995. Der har han jobba saman med kona Christina, og etterkvart blei Hege Alme tilsett som gravferdskonsulent. No ønsker Gimmestad å gå av med pensjon, og tok kontakt med Fjordane Begravelsesbyrå for å få til ei god ordning.

 

Ein gradvis overgang

Hege Alme som har jobba i Sandane Gravferdsbyrå sidan 2022, blir avdelingsleiar på Gloppen-kontoret. Det ligg mykje god kompetanse hos Hege og den vil vi ta med oss vidare. Det blir ein gradvis overgang for å sikre at du som pårørande vert tatt vare på best mogleg.

 

Vi skal vere der når du mister ein du er glad i

Tilbodet og tenestene vil bli det same, vi skal vere der når du mister ein du er glad i. Samanslåinga gjer at vi kan spele på fleire ressursar på dei tre lokasjonane, og er meir fleksible. Samtidig vil vi oppretthalde løftet vårt om å alltid vere tilgjengelege for råd, rettleiing og praktisk hjelp i planlegging av gravferder.


Logo til Fjordane Begravelsebyrå og Sandane Gravferdsbyrå

Kommentit


Kommentointi on poistettu käytöstä.
bottom of page