top of page

Vi kan stå til teneste med:

  • Kontakt med kyrkje-, trus- og livsynssamfunn

  • Utforme og formidle dødsannonse

  • Ulike typar kiste

  • Svøping og nedlegging i kiste

  • Blomebestillingar

  • Trykke songhefte

  • Solistar/musikarar

  • Pynting og assistanse på gravferdsdagen

  • Transportar

  • Lage gravmarkør

  • Ordne med syning og båreandakt

  • Utfylling av diverse meldingar og skjema

  • Gravmonument og skrifthogging

Støtteordningar

 

Stønad ved gravferd og båretransport
Dersom avdøde er medlem av folketrygda kan det søkjast om gravferdsstønad.

Gravferdsstønad
Gravferdsstønaden blir behovsprøvd. For 2024 blir det gjeven inntil 28.677 kroner til å dekkje faktiske og nødvendige utgifter til gravferda. Dersom avdøde var over 18 år, blir gravferdsstønaden avkorta mot:
• formue
• tenestepensjon utbetalt for månaden etter dødsfallet
• forsikringssum og liknande som blir utbetalt som følgje av dødsfallet.

Om avdøde var under 18 år, blir det gitt ein uavkorta gravferdsstønad med inntil 28.677 kroner til å dekkje utgifter til gravferda.

 

Båretransport
Når eit medlem i folketrygda dør i Noreg og båra med avdøde må transporterast lengre enn 20 km, kan ein få dekka nødvendige utgifter til transport til næraste naturlege gravplass i høve til staden der avdøde budde. Det er ein eigendel på 2.868 kroner for båretransport. Det gjeld særlege reglar når dødsfallet skjer utanfor Noreg. Det er også særlege reglar når dødsfallet kjem av yrkesskade.

 

Korleis søkjer du?
Det er NAV som behandlar søknaden. Vi kan vere behjelpelig med søknaden. Les meir her

Kister og urner
Toten_T4_ext.jpg

​Vi leverer kister og urner frå Trostrud-Freno.

Sjå meir her

Gravstein
5080.jpg

​Vi leverer gravsteinar frå Nerland Granitt

Sjå meir her

Formidle blomster
230160_blomster_begravelse kopi.png

Vi samarbeider med: 

Tystad Blomster  tlf. 900 92 407

Vereide Blomster/Hageland tlf. 906 99 470

bottom of page