
Ditt byrå i bygda

Om Sandane Gravferdsbyrå
Sandane Gravferdsbyrå vert drive av Christina og Arne Jostein Gimmestad frå heimekontoret i Gloppen Kommune.
Vårt arbeid ved gravferder starta i 1987 gjennom å vere filial for Fjordane Begravelsesbyrå. Sandane Gravferdsbyrå etablerte vi i 1995. Frå hausten 2022 har Hege Alme teke del i vårt arbeid, og vil framover vere ein del av Sandane Gravferdsbyrå.
Ditt byrå i bygda
Opplæring og lang røynsle har lært oss mykje om det å møte menneske i sorg. Det er vår oppgåve å gje syrgjande råd og rettleiing. Då er det viktig at ein kjenner tillit til kvarandre.
​
Vi tilbyr å kome til dei pårørande i heimen. Det som synest vanskeleg og tungt, løyser vi ilag. Ein får gjensidig kjenne varmen av å gi og å få.
Våre tilsette
-
Christina Alander Gimmestad
-
Arne Jostein Gimmestad
-
Hege Alme
Våre retningslinjer
Som medlemmar i Virke Gravferd er vi forplikta til retningslinjer for arbeidet vårt:
-
Hensyn og respekt for dei pårørande
-
Taushet med hensyn på personlege forhold
-
Verdighet i alle delar av yrkesutførelsen
-
Å bistå med aktuelle tenester og varer
-
Forskriftsmessig utstyr og godt vedlikehalden bårebil
-
Å gje informasjon om alternative varer og tenester
-
Å gje informasjon om prisar
-
Spesifiserte rekningar for byråets tenester
-
Kontrol med hensyn på standard og yrkesutførelse
